– Dette er ei stor sak for meg. Det er ei av sakene eg gjekk til val på. Det var min kongstanke at vi skulle få eit heilskapleg tilbod på Bakk-Ola-marka der vi kan hente synergiar mellom dei ulike tilboda. Det får vi no, med legesenter, omsorgsbustader, hjelpemiddelformidling m.m., sa ein nøgd ordførar Stein Aam.

Han rosar administrasjonen for arbeidet dei har gjort.

– Eg har pusta dei godt i nakken. Eg ville ha fortgang i saka, seier Aam, og rettar rosen til Øystein Mårstøl som har vore prosjektleiar, og Eldar Øye som har vore det ordføraren kallar bisittar.

– Eit ærefullt oppdrag som vi er utruleg glade over å ha fått tildelt, seier avdelingsleiar for Veidekke sitt kontor i Volda, Rune Eikrem.

Han får støtte frå Jan Lidvar Vikestrand som skal vere anleggsleiar under bygginga.

– Dette prosjektet ville vi ha. Vi sette alle klutar til for å få det, stadfestar han.

Veidekke har slått seg stort opp i regionen siste åra. Dei starta i 1998 med å setje opp det som i dag er legesenteret i Volda. I Ørsta leverte dei Viketunet for fem år sidan, og i seinare tid har dei også vore med på renoveringa av Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda. Mellom mykje anna.

– På det meste vil vi har rundt 20 personar i sving med det nye legesenteret, fortel Eikrem.

Arbeidet med førebuingane til bygginga er alt godt i gang. Frå september reknar dei med byggjestart, og ved årsskiftet 2017/2018 skal Ørsta sitt nye legesenter stå ferdig.

– Oppgåva passar oss perfekt med tanke på kva vi sit på av kompetanse og ressursar, seier Eikrem.

Han er glad for at ein lokal entreprenør fekk oppdraget.

– Veidekke er ein riksentreprenør med desentraliserte lokalkontor. Det betyr mykje for distrikta. Vi vil også, nesten utan unntak, nytte oss av lokale underentreprenørar. Mange får vere med å dra dette lasset.

Kontraktsummen er på 92,5 millionar kroner inkl. mva. For kommunen har prosjektet ei ramme på 114 millionar kroner, som mellom anna inkluderer tomtekjøp.

– Det er store summar det er snakk om, og vi meiner vi har kome fram til ei god løysing der vi får mykje for pengane. Slik vi ser det var det rett avgjerd å bygge legesenter i eigen regi framfor å leige. Om 3–4 år vil reknestykket vere i pluss, vurderer Eldar Øye frå administrasjonen.

Bygget vil få biovarme, og i kjellaren skal det verte plassert eit naudaggregat som skal forsyne alle bygga på Bakk-Ola-marka med straum ved eventuelt straumbrot.