Formannskapet i Ørsta seier eit kontant nei til at Mørenett kappar straumen til Raudøya.

Mørenett har søkt konsesjonsfritak frå leveringsplikta m.a. fordi selskapet meiner det vil verte altfor dyrt å leggje ein ny sjøkabel til øya, noko som er naudsynt.

Det er NVE som skal gje konsesjon til ei eventuell kapping av straumen, og det vert i desse dagar henta inn fråsegner frå ymse partar.

Har avvist kompromiss

Mørenett har vore ute etter eit kompromiss, der det vert gjeve støtte til andre løysingar, som aggregat, og dette har grunneigarane avvist.

I formannskapet var det ei klar oppfatning at Mørenett ikkje burde få konsesjonsfritak.

– Denne plassen har mykje å seie for Ørsta. Det er den einaste øya i Ørsta kommune. Kommunen og fylkeskommunen har mellom anna ei oppgåve med å ta vare på ei gruppe som slit med utdanninga si gjennom arbeidet Ørsta ungdomsskule gjer der. Desse elevane er i ferd med å byggje ein gard som i ferd med å verte realisert. Det er ikkje mange kilowattimar som vert levert. Eg har likevel tungt for å gje fritak. I tillegg har vi eigarar som driv kulturlandskapet på øya, sa ordførar Stein Aam (Sp).

Varaordførar Karen Høydal (Ap) sa seg samd, og viste også til at deler av Raudøya er naturreservat, der kommunen forvaltar dette på vegner av staten.– Spørsmålet er korleis kommunen vil utvikle øya, slik at ho vil kome fleire til gode, sa Høydal.

Ikkje plan B

Hans-Olav Myklebust (Frp) hadde bite seg merke i rådmannen sitt forslag om å ha med eit sekundært forslag om forhandlingar mellom partane. Han ville ha dette fjerna.

– Vi må seie endå sterkare at vi er i mot at Raudøya skal misse straumen, sa Myklebust.

Fryktar fleire søknader

Gunnar Knutsen (V) frykta ringverknader.

– Seier vi ja til at Raudøya skal misse straumen, kan det medføre starten på endå fleire slike utfordringar. Vi skal vere tydelege overfor dei som har monopol på å levere straum, sa Knutsen.

Då vart det samrøystes vedteke å seie nei til konsesjonsfritaket, og utan ein plan B.