Måndag ettermiddag var han på Sunnmøre og Scana Volda, den største industribedrifta i Volda kommune.

– Ja, den lange valkampen startar no. Men eg meiner det er velbrukt tid å bruke tre dagar på å besøke folk på jobb på Vestlandet, seier Støre til Møre-Nytt.

Sunnmørsbesøket er del av ei tre dagar lang reise på Vestlandet, som skal ende opp i Stavanger på onsdag. Støre fekk både orientering og omvising under besøket i Volda, og fekk lagt fram fleire utfordringar frå leiinga og fagforeiningsleiarar i bedrifta.

Scana Volda har fått merke nedgangen i offshorenæringa, og har vore gjennom både nedbemanningar og omstillingar siste åra. No ser det likevel lysare ut, med fleire nye kontraktar i 2016. Desse er innanfor fiskeri og handelsfart.

Bedrifta har vore gjennom nedbemanningsrundar tidlegare i år, og i år har det vore permitteringar.

- No har vi fått inn fleire kontraktar, og begynt å hente inn igjen folk, forklarte Scana-sjef Hallvard Pettersen.

- Kva ville vore annleis for ei bedrift som Scana Volda dersom Arbeidarpartiet sat i regjering i dag, Støre?

- Vi ville sett inn fleire tiltak tidlegare, for å bistå bedrifta i å oppretthalde verksemd og tilsette. For det første ville vi utvida permitteringsordninga eitt år tidlegare enn det regjeringa gjorde. I dag har vi fått stadfesta frå leiinga her at det ville hatt effekt, seier Støre til Møre-Nytt.

Regjeringa utvida permitteringsordninga frå 30 til 52 veker tidlegare i år. Pettersen stadfesta at Scana ville vore nøydde til å seie opp fleire dersom dette ikkje hadde vorte gjort.

- I tillegg ville vi hatt meir målretta tiltak for å støtte satsing på ny teknologi, med ein meir aktiv næringspolitikk i form av støtte til bedrifter som vel å satse på ny teknologi. Slik teknologi er gjerne ikkje lønsam i starten, men han kan bli det. Det er to klare område vi ville satsa på, held Støre fram.

Samtidig med utfordringane i maritim industri og leverandørindustrien, går andre delar av industrien bra. Dei fleste av industribedriftene i Ørsta, som står utanfor den maritime næringa, opplever til dømes gode tider. Støre vil likevel ikkje vere med på at bildet av den økonomiske situasjonen blir svartmåla.

- Det er veldig bra at andre delar av industrien går bra, men vi har altså den høgste arbeidsløysa i Noreg på ti år, og Vestlandet er særleg hardt ramma av dette. Eg meiner vi må kunne ha to tankar i hovudet samtidig. Sjølv om delar av norsk økonomi går bra, er denne situasjonen svært alvorleg for dei som blir råka, meiner Ap-leiaren.

Måndag kveld gjekk turen vidare til Høyanger i Sogn.