Men sjølv om det vart eit ja, er det ikkje heilt utan skepsis at formannskapet støtta reguleringsframlegget. Hovudinnvendingane går på at planen ikkje er heilskapleg for området, og at nokre av bygningane som er foreslått kan verke dominerande.

Leiar for planavdelinga, Gunnar Wangen, understreka då også at det har vore ein komplisert prosess.

– Vi har vore nøydde til å gjere kompromiss med heilskapleg tenking når vi gjer det på denne måten, sa Wangen, og viste til at bakgrunnen for planen er at ein utbyggjar står klar til å byggje ut eit område med fem større bueiningar ved sjøkanten. Kommunen svara då med å utvide planområdet noko for å få til m.a. trafikale løysingar rundt dette området. Likevel er det langt frå heile sentrumsområdet som er med i planen. Her vil det kome ein plan seinare.

Om sjølve planen sa Wangen at det har vorte gjennomført justeringar for dei planlagde bygningane, mellom anna at høgda på bygningane er redusert.

Det har også vorte reist innvendingar mot at leilegheitene til saman utgjer ein seksti meter lang bygning. Wangen sa at dersom dette vert vraka, må det utviklast eit nytt konsept. Mellom anna stod ein mellom eit val om å ha ein buffer med gangveg og parkområde mot Litleelva, eller å byggje ut heilt mot elva for å kunne dele bygningskomplekset opp.

Synnøve Rekkedal Hill (Sp) meinte at planavdelinga har kome fram til ei grei løysing.

– Det vert sagt at dette er ein lang bygning. Då må eg minne om at like ved ligg Hjørundfjordheimen er som ti-tolv meter lengre. Det vert også peika på byggjeskikken, men det er i Sandvika, ved ferjekaia, at den klassiske trehusbusetnaden ligg. Det er alfa og omega for utviklinga på Sæbø at leilegheitene som er planlagt vert store nok for barnefamiliar. Noko Sæbø ikkje treng meir av er tomme hus, der folk berre bur i påska og sommarferien.Vi veit at det er familiar som vil kjøpe leilegheitene som no vert planlagt, sa Rekkedal Hill.

Karen Høydal (Ap) meinte planen har vorte veldig bra.

– Det har vorte arbeidd med dette lenge. Eit spørsmål er om vi må lyse grunnen ut for sal, i og med at dette er kommunal grunn, undra Høydal seg over. Ho fekk til svar at det vil verte gått inn ein avtale om sal av grunnen til utbyggjarane.

Hans-Olav Myklebust (Frp) var også positiv til forslaget.

– Planen er god, og eg vil støtte denne saka. Det er gjeve føringar for estetikk, og etter mitt syn er dette momentet teke i vare, sa Myklebust.

Den som var mest kritisk, var Gunnar Knutsen (V):

– Eg er oppteken av at det skal vere tilgjenge til sjøen. Dette er viktig for Sæbø. Det bør heller ikkje vere avgrensingar for utfylling, slik at det kan leggjast til rette for endå meir areal. Difor er det dumt at det ser ut som planen hindrar dette, sa Knutsen, som også sakna meir heilskap.

Ordførar Stein Aam (Sp) meinte at ein i reguleringsprosessen har kome fram til gode løysingar.

– Eg er imponert over den grundige runden som har vorte gjennomført for å finne løysingar. Etter debatten i formannskapet i dag er eg trygg på at dette er ei vellukka sak, sa Aam.

Før møtet starta vart det semje om at det ikkje var naudsynt med ei synfaring. Det vert opna for at det kan kome ei synfaring når saka skal avgjerast bi kommunestyret. Men stemninga blant formannskapsmedlemmene er at det ikkje verkar naudsynt.

<strong>Siktline:</strong> Formannskapsmedlemmer var uroa over om denne bygningen vil verte for dominerande for siktlina.