– Eg har i alle år vore svært samfunnsengasjert, og eg er oppteken av samfunnet rundt oss. Som brannmeister ønskjer eg å ivareta innbyggjarane i kommunen sine interesser og tryggleik, fortel Kurt Kristiansen.

Han har teke med seg kone og eit barn til Ørsta, og sidan 1. august har nordlendingen vore på plass på kontoret på rådhuset der han har dagleg ansvar for brannmannskap og dei tre stasjonane i kommunen. Starten på den nye jobben har vore veldig fin for Kristiansen.

– Ja, er svært nøgd med alt. Ørsta er ein flott kommune, med eit fint og ryddig sentrum og vakre fjell. Eg er glad i å trimme, og å drive med jakt og fiske, og såleis har eg kome til rette staden. Eg har møtt imøtekomande og venlege folk over alt, og dei tilsette i brannvernet er hyggjelege og dyktige. Så dette ser lovande ut, seier brannmeisteren.

Rognan

Kristiansen kjem frå Rognan i Saltdal kommune som har Rana, Fauske, Bodø, Beiarn og svenske Arjeplog som nabokommunar. Kristiansen har utdanning og bakgrunn frå Forsvaret, og ikkje minst kommunen si store industribedrift, kabelfabrikken Nexans, der Kristiansen har 21 års erfaring som kabeloperatør.

Kristiansen har elleve års erfaring i Salten brann der han også har vore utrykkingsleiar. Salten brann har 350 tilsette og 24 brannstasjonar. Så det er ein mann med god kompetanse for brannredning som no har teke over som brannmeister etter Erik Myklebust som har gått av for aldersgrensa.Kurt Kristiansen hadde aldri vore i Ørsta før han vart kalla inn til intervju etter å ha kome over ein annonse for ny brannmeister.

– Eg hadde eit ønske om å jobbe i redningsetaten. Eg brenn for brannvernet si rolle og oppgåva med å vere ein viktig og hjelpande aktør i krisesituasjonar. I det heile likar eg å hjelpe folk, og er ikkje redd for å ta i eit tak, fortel Kristiansen som synest Ørsta brannvern har profesjonelle tilsette, 56 i alt, med god utdanning og kompetanse.

Brannsjef Einar Ytre-Hauge, som er Kristiansen sin overordna, er svært tilfreds med den nye brannmeisteren.

Krevjande

– Å vere brannmeister er ein krevjande og allsidig jobb, men Kristiansen har kome godt i gang og dette ser bra ut. Han har brei og allsidig bakgrunn og erfaring, vurderer Einar Ytre-Hauge.

Både han og Kurt Kristiansen ser fram til at den nye brannstasjonen på rådhuset opnar i november, og at brannvernet får ny brannbil i mai neste år. Då vil Ørsta brann og redning stå endå betre rusta, også i samband med øvingar som er ei sentral oppgåve for korpset som har opptil 45 øvingar i året.– Å øve er viktig slik at vi er best mogleg rusta til komande hendingar, seier brannsjef Ytre-Hauge som kan fortelje om eit normalår så langt når det gjeld talet på utrykkingar.

– Det har vore få alvorlege hendingar, og det er sjølvsagt bra.