For to år sidan fortalde innbyggjarane på Hjellen i Barstadvik om korleis dei med livet som innsats måtte gå langs E39 for å kome seg på skule og til butikken. Sonen til Per Eldar Lindvik hadde byrja på skule i 2014, og i haust hadde dottera sin første skuledag.

– Det er ein fortvilande situasjon og det er ein frykteleg skummel skuleveg, seier Lindvik som følgjer borna til skulebussen.Sidan innbyggjarane synleggjorde behovet for gangveg mellom Hjellen og Romestrand har det ikkje vore noko utvikling i saka.– Her blir meir trafikk og det er mykje tungtrafikk. Det vert og køyrt fortare og fortare. No skal dei i gang med oppheva gangfelt, nytt busskur og nedjustering til 50-sone i Barstadvik. Det er flott og supert, men det hadde vore greitt om dei tenkte på oss på den andre sida.

I fjor haust var det ikkje lys i gatelysa, og det gjorde ikkje situasjonen betre.

– I første omgang hadde vore flott å få belysning og nedsett fartsgrense i området.

Fleire prosjekt det vert arbeidd med

Grendalaget i Brautaset Krins har i brev til Ørsta kommune peika for behovet for gangveg i Åmdalen, og ordførar Stein Aam lovar at han vil presse på for å få ei løysing i begge sakene.

– Vi jobbar med mange prosjekt inn mot fylket, og i vegsaker har vi god dialog med leiar Kristin Sørheim i samferdselsutvalet. Ho har sjølv nemnt området i Barstadvik og det er ei strekning på 80 meter.

Aam peikar på at det er essensielt at grunnavtalar er på plass for at prosessen ikkje skal bli forseinka. Prosjekta med gang- og sykkelveg som ordføraren har på lista er Furene, området knytt til Dalane skule og Høgebrua, Barstadvik og Melsgjerdet.

– Vi er lovd eit møte no på hausten. Barstadvik saman med Furene er kanskje dei lettaste prosjekta for fylket å vere med på. Dei andre prosjekta må prioriterast. Eg trur at vi skal klare å få til løysingar, men det vil ta litt tid. For å få fortgang må vi vere frampå, og dette er ei sak som eg brenn for.

<strong>– Brenn for saka:</strong> Ordførar Stein Aam trur at dei saman med fylket skal få til løysingar knytt til gang- og sykkelveg, men at ting vil ta tid. Arkiv