Måndag kjem Arbeidarpartiet sin leiar Jonas Gahr Støre til Volda, der han skal besøke Scana Volda. Også Ålesund og Sula får besøk av Støre.

Besøket kjem i samband med valkampen og ein turné langs Vestlandskysten, frå Møre og Romsdal i nord, langs E39 gjennom Sogn og Fjordane og Hordaland, til Rogaland i Sørvest. Tema for turen er verdiskaping, ny teknologi og korleis Noreg skal lukkast i å skape fleire lønsame arbeidsplassar i privat sektor.

Vestlandet har vore ein viktig motor for norsk økonomi i flere tiår. Støre vil møte bedriftsleiarar og tilsette frå bedrifter som er langt framme teknologisk, bedrifter som kombinerer norske naturressursar med nye og berekraftige produksjonsmetodar, og bedrifter frå leverandørindustri og maritimt næringsliv som står i ein tøff situasjon og som måtte seie opp mange tilsette.

Støre vil i løpet av turen få innspel  til utviklinga av Arbeidarpartiet sitt nye valprogram.

Turen starter i Ålesund måndag 29. august, der han besøker Fiskebåt Ålesund. Vidare reiser han til Fiskarstrand verft i Sula kommune, der tema vert ferjer, grøn teknologi og lærlingar. Til slutt stå Scana Volda for tur.