Mannen hadde heile ti tiltalepostar mot seg i Sunnmøre tingrett. Fleire av tiltalepostane omhandla oppbevaring av narkotiske stoff som hasj, marihuana, amfetamin. Ifølgje tiltalen skal dette ha skjedd både i Ørsta og i Ålesund. Mannen var og tiltalt for forsøk på båttjuveri, tjuveri frå butikk, tjuveri av bankkort, trugslar og at han bar med seg kniv på offentleg stad utan aktverdig formål.

I retten sa mannen seg skuldig i åtte av dei ti tiltalepunkta. Ifølgje dommen frå Sunnmøre tingrett er mannen tidlegare dømt seks gonger og har fått tolv førelegg. I fjor vart mannen dømt til fengsel l i 120 dagar, og retten understreka at mannen slit med eit alvorleg narkotikaproblem. I Sunnmøre tingrett vart mannen frifunnen for to av tiltalepunkta, men funnen skyldig i åtte tiltalepunkt. Mannen vart dømt til fengsel i 75 dagar som ei særskild straff grunna dommen mannen fekk i 2015. I tillegg til fengselsstraffa vart kniven til mannen inndrege av staten.