Politiet opplyser at det er nytta droneopptak for å få oversikt på dei omfattande skadane langs elva i Barstadvik. Desse vart utført tysdag sist veke langs heile det flaumskadde vassdraget. Opptaka vert ein viktig del av vurderingsgrunnlaget for lensmannskjønnet neste veke. Det var lensmann Guttorm Hagen som rekvirerte dronefotograferinga. Han har avgjort at bilda og filmen skal vere offentleg. Bilda er alt delt med NVE og Ørsta kommune og vert tilgjengeleggjort også for grunneigarrepresentantar.

- Film og fotografi med drone dokumenterer kva som har hendt etter den største storflaumen i elva sidan august 1980. Materiellet gir oss eit godt fyrste vurderingsgrunnlag, seier lensmann Hagen, som også seier at bilda kan vere som ei åtvaring om dei farlegaste partia i elva, der folk ikkje bør ferdast.

- Fyrste synfaring saman med skjønnsmenn skjer tysdag 30. august. Då startar vi klokka 09.00 ved Erdalbrua i Barstadvik. Så vert skjønnet halde i etterkant og då vert fotografia tekne med i vurderingsgrunnlaget.