Fleire politipatruljar har kontrollert skulevegen til fleire barneskular i morgontimane torsdag.

Politiet melder om stort sett god køyring, men ein person er bøtelagt for mobilbruk.

Ved Velle skule var politiet også til stades og såg til at elevane kom seg trygt til skulen.

Rektor Harald Thunem ved Velle skule er glad for at politiet er på plass.

- Det er tidvis kaotisk på vår velse parkeringsplass. Vi oppmodar sjølvsagt flest mogleg om å parkere eit stykke unna og gå siste biten, for å gjere skulevegen tryggast mogleg for dei mjuke trafikantane våre.