– Eg kan hjelpe elevar og lærlingar om dei har spørsmål som gjeld vidaregåande opplæring på skule eller i lærebedrift, seier nytilsatt elev- og lærlingeombod i Møre og Romsdal, Tove Regine Stranden.

Stranden er utdanna vernepleiar og er i ferd med å fullføre ein master i mestring og myndigheitsarbeid ved Høgskolen i Volda. Ho starta i den nye stillinga torsdag 18.august, og er no i ferd med å sette seg inn i arbeidsoppgåvene.

Det er gratis og uforpliktande å ta i bruk ombodet. Elevar og lærlingar kan når som helst i ein prosess kople på ombodet etter eige ønske. Ombodet kan hjelpe alle under vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, også dei private vidaregåande skulane.

– Eg vil gjere mitt beste for at det skal vere kort veg frå elevar og lærlingar til meg. Terskelen for å ta kontakt, skal vere låg, uansett om det er store eller små utfordringar det er snakk om.