Tidleg på 80-talet vart det opparbeidd ny hamn og fryseri i Årsetvika nedom Skipsen på Vartdal.

– I dette arbeidet for det med ei bråte med naust. I avtalen då låg det at kommunen, saman med grunneigarar, skulle vere med og opparbeide ni nausttomter med tilkomst, ved sida av Ramobuda, som erstatning for dei nausta som gjekk med, fortel ordførar Stein Aam. Sidan har lite skjedd.

– Når eg då i januar i år, som relativt ny ordførar, var på besøk på Vartdal, fekk eg kasta dette i andletet. Då sa eg og sjef for tekniske tenester, Rolf Magnus Sundgot, at dette må vi løyse, og etter fleire møte med grunneigarane i området har vi no klart nettopp det, og gravinga er i gang, seier ein nøgd ordførar.

Like nøgd er Petter Buset. Saman med to andre har han hatt i oppgåve å jobbe for ei løysing på vegner av nausteigarane i området.

– Eg var vel fersk på barneskulen første gong denne saka dukka opp, så no er vi svært glade for at ting endeleg er i ferd med å falle på plass.

Buset rosar innsatsen frå kommunen det siste halve året.

– Dei har vore svære og har gjort ein kjempejobb, med Stein Aam i spissen, saman med dei tilsette på teknisk etat. Så no skjer det ting, og det ligg no i våre hender å få realisert dette. Det har vi ambisjonar om å få til. Det står nokre formalitetar att berre, før vi er i gong.

Buset rettar også ein takk til Edvin Aarseth og Anne Pilar Aarseth, som eig grunn ved Ramobuda, og som har vore velvillige til å få til ei løysing for vegtilkomsten.

– Vi har samarbeidd godt på Vartdal, og er glade for å få dette i hamn.

Stein Aam stemmer i.

– Eg trur alle partar, både kommune og grunneigarar, er nøgde med utfallet i denne saka. No får dei byggje ut nausta sine, og kanskje kan dei tenke lenger enn det også, og lage rorbuer. På Vartdal er dei på hogget, og det er heilt i mi ånd. Vi skal ha aktivitet på bygdene. Med ny skule, kanskje etter kvart ny idrettsbane, nye tomter og nye naust er det mykje positiv aktivitet. Vartdal er ein god stad å satse vidare.