- Det er første gong vi har eit slikt arrangement i Ørsta. Det er iallfall mange år sidan politiet hadde eit slikt utandørsarrangement i bygda, seier lensmann Guttorm Hagen.

Han er på plass i Vikegata laurdag føremiddag, uansett vêr. Med seg har han fleire politibetjentar frå Søre Sunnmøre.

- Vi får også besøk av ein firbeint ven, ein politihund frå Ålesund politistasjon. Han er spesialtrent i å finne narkotika, og skal demonstere korleis han jobbar. Så eg vil ikkje anbefale folk å ha med seg ulovlege stoff i lomma eller i væska, seier lensmannen.

Politiet er klare til å snakke med både vaksne og born, og informere om korleis politiet jobbar. Lensmannen vil også svare på spørsmål om politireforma eller andre tema folk er opptekne av.

- Vi er opptekne av å vise ei litt mjukare side av etaten, og forklare at vi er her for å gjere det trygt rundt oss. Borna ser jo oss ikkje så mykje når vi er ute og jobba kvelder og netter, seier Hagen.

Det blir også aktivitetar for borna, mellom anna vil politiet vise utstyret dei brukar, politibilane og korleis det tek fingeravtrykk.