– Kommunen har teke imot relativt mange merknader til planframlegget, og saka verkar å ha vekt stort engasjement i bygda, skriv Rådmannen i saksutgreiinga til formannskapet og kommunestyret.

Detaljreguleringa legg til rette for bygging av bustader i sjøkanten i sentrum av Sæbø. I tillegg omfattar han ein del av området rundt bustadprosjektet. Planen er eit samarbeid mellom Ørsta kommune, Hjørundfjord Fjordservice v/ Marit Riise Olsen og Nordbohus Enerbygg AS. Dei to sistnemnde har ansvaret for bustadprosjektet, medan Ørsta kommune har ansvar for området rundt.

Sæbø Brygge skal få fem husvære med ein storleik som gjer dei eigna for familiar. Bygga er tenkt som kjeda rekkehus, med maksimal mønehøgd på kote 11 meter, og maksimal gesimshøgd på 8 meter. Det er også lagt opp til ei stor utviding av Hjørundfjord brygge like ved, som også skal legge til rette for fleire bustader.

I tillegg legg planen opp til ein samanhengande gangveg/turveg langs sjøen i heile planområdet, i tillegg til eit friområde i tilknyting til turvegen. Ved lisjeelva er det sett av areal til ein leikeplass.

Mange merknadar

Det har kome 14 uttalar til planen. 10 av desse hadde merknadar. Fleire innbyggjarar på Sæbø har uttalt seg kritisk til storleiken, byggehøgda, byggeskikken og planløysinga til bustadprosjektet. Det er desse merknadane som utløyser dei største motsetnadane mellom utbyggarane sine ønske og ein del av innbyggjarane sine ønske. Fleire meiner også at ei utviding av Hjørundfjord brygge vil gjere dette bygget for stort.

Rådmannen har forståing for at fleire er kritiske til at prosjektet vil ta utsikt frå eigedommane bak.

– På den andre sida er dette av det tettaste sentrumsområde på Sæbø, noko som talar for ei høg utnytting, skriv rådmannen.

Utbyggarane meiner konseptet som no ligg føre er det beste kompromisset mellom forslagsstillar sine ønske om høg utnytting med store einingar og det ein må forvente av bygg i sentrumsområdet.

Ifølgje rådmannen har det vore undersøkt om bygget kan delast for å lage eit ope rom mellom. Det vil truleg medføre at talet på bustader må kuttast frå fem til fire, som utbyggaren meiner dette vil ta vekk det økonomiske grunnlaget for prosjektet.

Rådmannen er også i tvil om det er rett å opne for ein tredje etasje på nabobygget Hjørundfjord brygge, men rår til å vedta planen som han ligg føre.

– Vi finn ikkje faglege grunnar som er så tungtvegande at vi bør gå imot planframlegget.

Kommunen har teke fleire merknadar til følgje, mellom anna er arealet til turveg og leikeareal justert.

Viktig med framdrift

Det er også uheldig at denne detaljreguleringsplan kjem før den nye områdeplanen for Sæbø sentrum er vedteken, meiner rådmannen. Arbeidet med områdeplanen startar i år.

– Det er likevel tilrådeleg å gjere dette for å ta omsyn til forslagsstillaren sitt behov for framdrift for å realisere utbyggingsplanane. Rådmannen meiner også at det er ei viktig offentleg interesse å betre bustadtilbodet i Sæbø sentrum.

Rådmannen rår kommunestyret til å vedta planen, men er klar på at politikarane må gjere eit val: Skal dei prioritere utbyggaren sine ønske (godkjenne planen), eller skal dei prioritere ein del av innbyggjarane på Sæbø sine ønske (omarbeidde konseptet).

Saka blir handsama i formannskapet onsdag, og går deretter vidare til kommunestyret.