Årsaka til dispensasjonssøknaden frå Mørenett, er at sjøkabelen til Raudøya er skadd og ikkje kan reparerast. Ei utskifting vil etter Mørenett si vurdering medføre ein urimeleg høg kostnad sett i høve forbruket.

Raudøya har vore fråflytta sidan 1962. Der er i dag to gardsbruk som vert nytta som fritidsbustad og ei hytte på ytstedelen av øya som er tilknytt straumkabelen.

Insteøya er eit statleg sikra friluftsområde. Raudøya er også verna etter naturmangfaldlova, delvis som naturreservat og delvis som landskapsvernområde.

– Eit fritak frå leveringsplikta på elektrisk energi til Raudøya vil ha konsekvensar for eigarane av dei tre fritidsbustadane. Det vert lagt ned eit betydeleg arbeid i skjøtsel og vedlikehald

både av landskap og bygningar. Eine gardsbruket fungerer tilnærma som bustad halve året. Raudøya villsau DA har i dag også sauer på Ysteøya, skriv Eldar Øye, leiar i plan- og utviklingsstaben i kommunen, i saksutgreiinga.

Dersom Mørenett får dispensasjon frå leveringsplikta til Raudøya, ber kommunen selskapet om å hjelpe grunneigarane med å finne eit forsvarleg lokal forsyningsløysing. Då må også kraftstolpane på øya bli fjerna, meiner kommunen.

– Øya treng straum

Grunneigarane på øya er også sterkt kritiske til planane om å kutte straumen. I fleire brev til Mørenett kjem dei med fleire argument for å behalde straumforsyninga.

– Landskapsvernet har liten verdi om vi ikkje held ved like bygningar og kulturlandskap. Sauehaldet på øya er viktig i så måte. Det krevst straum for reparasjonar av utstyr, lading av batteri og lys i den mørke årstida. Dei private eigarane har i alle år gjort denne jobben for fellesskapet og vil halde fram med det, men utan straum blir både motivasjon og moglegheit dårlegare, skriv Jon Ståle Lystad i eit av breva.

Mørenett har kome med tilbod om 10.000 kroner per grunneigar i ulempevederlag når straumen blir kutta. Dette meiner grunneigarane er mykje for lågt dersom pengane skal brukast til eit aggregatanlegg eller liknande.

Ei straumforsyning på øya er også problematisk, særleg på grunn av fredingsstatusen til øya. Saka blir handsama i Ørsta formannskap tysdag. Det er Noregs- vassdrags og energidirektorat som tek den endelege avgjerda.