Det er Sindre Humberset, med Per Mulvik AS som plankonsulent, som fremjar forslaget til reguleringsplan. Tiltaket er i samsvar med kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda.

Føremålet er å leggje til rette for utbygging av totalt ti frittståande naust, med tilkomst og parkering. Fleire av nausttomtene skal frådelast og seljast. Nausta skal byggast i éin etasje med grunnflate maks 40 m2 BYA. Fleire av krava frå fylkesmannen vedkomande utforming er teke inn i føresegnene, noko som sikrar ei tradisjonell utforming.

Det blir lagt opp til ei gruppering av nausta, noko som vil redusere inntrykket av ei konsentrert utbygging. Til kvart naust blir det parkeringsplass på baksida av naustet mellom veg og gavlvegg.

Avkøyrsla frå E39 til planomr det skal oppgraderast i samsvar med krav frå Statens vegvesen før det vert sett i gang byggearbeid på området.

Det skal vere ope for fri ferdsle i strandsona, og uteområda rundt nausta kan ikkje privatiserast med ferdselshindringar.