Flagget gjekk til topps, og rektor Laila Aarset stråla som ei sol måndag morgon, då det var skulestart på nye Vartdal ungdomsskule. Frå å vere ein skule utgått på dato, med kummerlege forhold, har Vartdalsstranda no fått ein skule i elitedivisjonen. Og både tilsette og elevar er særs nøgde med det nye skulebygget som husar ungdomsskuletrinnet.

– Dette er ein stor opptur for heile Vartdalsstranda. Ein godt skulebygg er ein grunnpilar i skulen, og det har vi verkeleg fått. Vi har gått frå å vere ein nedleggingstruga skule til å få eit fantastisk skulebygg. No håper eg vi kan få hit endå fleire elevar. Kanskje utflytte vartdalingar no kjem heim att dit dei vaks opp? Det står i alle fall ikkje på skulefasilitetane, seier rektor Aarset.

Elevar

Kring 120 elevar frå bygdene på Vartdalsstranda er på plass på Vartdal skule. Den største klassen, niande, har tjue elevar. Det er god og romsleg plass både i deira klasserom og i dei andre. Alle romma på skulen har også fått namn etter lokale fjell eller stader. Til dømes heiter gangen Vartdalsstranda.

Nyskulen er skreddarsydd behova for moderne skuledrift med fleksible klasserom, møterom og grupperom. Inneklima er av beste sort som følgje av nytt ventilasjonsanlegg. Tidlegare var innelufta lite å skryte av. Lærarane, som tidlegare sat nærast opp på kvarandre når dei skulle gjere kontorarbeid, har no romslege arbeidsplassar. I det heile er alle arbeidsplassar prega av god plass. Store glas og lekre fargar. Og dagslyset slepp inn på ein framifrå måte. Også lærarrommet har hotellstandard.

– Det er ein ny giv på Vartdalsstranda no, med tilflytting. Men vi vil gjerne ha fleire innbyggjarar langs stranda, seier Aarset som rosar dei som har bygt skulen for flott utført arbeid, og at alle fristar er haldne.

Romslag

– Vi har fått ein veldig fin skule no. Her er romsleg, og så er det veldig fint med dei store glasa som gjer at det kjem inn mykje lys i romma. Det er også bra at alle elevane har fått eigne låsbare skap. No er det kjekkare å gå på skule, synest niandeklassingane Ingeborg Bjørlykkehaug og Anna Sætre Amundsen.

Den nye ungdomsskulen på Vartdal er på om lag 1.000 kvadratmeter og inneheld tre klasserom og spesialrom for musikk, naturfag og kunst og handverk. Det einaste som manglar er lokale for sløyd, men dette var det ikkje rom for økonomisk. Men skulen har altså fleksible løysingar med skyvevegger og liknande. Meininga er at spesialromma også kan vere til nytte for dei 75 elevane på barnesteget.

Ungdomssteget ved skulen har siste året hatt tilhald på gamle Barstadvik skule. Det har vore utfordrande. Men no er heile skulen altså samla att.

Oppmoda

Under skuleopninga oppmoda rektor Laila Aarset om at alle passar godt på skulebygget.

– Brukar vi folkeskikk, går dette fint. Vi skal også framleis ha ein trygg skule, og alle skal kunne gle seg til å gå på skule kvar dag. Dette er alle sitt ansvar, sa rektoren som også fortalde at det skal vere opningsfest og open dag på skulen i løpet av hausten.

No er altså skuleåret i gang, og alle er nøgde.

– Lærarar fortel at det er så kjekt å vere på skulen no at dei ikkje vil heim att, humrar Laila Aarset.