– Vi er to advokatar som har fast kontorplass i Ørsta, men stort sett kvar veke er det folk frå kontoret i Ålesund som arbeider i Ørsta. Då har vi behov for meir plass, og vi vil flytte inn i nye lokale i Ørsta torg i september, seier senioradvokat Espen Rekkedal som saman med advokat Cathrin Lid Heilund bemannar kontoret i Ørsta. Lid Heilund er i permisjon for å være dommerfullmektig i tingretten i Volda, og er tilbake ved kontoret i starten på 2017.

Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz er det største advokatfirmaet i Møre og Romsdal. I tillegg til kontor i Ørsta og Ålesund er dei etablert i Molde og Kristiansund.

– Vi hjelper både bedrifter og privatpersonar i området her. Advokatane i firmaet har sine fagfelt, og kundane får møte ein advokat med det rette fagfeltet på kontoret her. Med to kontor og eit møterom i dagens lokale i Vikegata vert det fort trongt, og difor ser firmaet fram til å kome på plass i meir eit meir romsleg og tilrettelagt lokale i Ørsta torg. Kontoret i Ørsta har Søre Sunnmøre som sitt nedslagsfelt, og pågangen har vore god for firmaet sidan dei kjøpte opp kontoret til Egil Arne Standal.

– Vi har hatt ganske mykje å gjere sidan oppstarten i 2009, og med nye kontor får vi betre kapasitet, seier Rekkedal.

– Skal du byggje eit kontor i Ørsta, slik som vi har gjort no, så må du ha folk som bur her. Du kan ikkje basere deg på at dei tilsette skal bu andre stadar og kome hit innimellom. Vi har gjort mykje for å byggje opp dette kontoret, men det er først når du får folk her fast at du får effekt ut av kontoret, seier advokat og partnar i Øverbø Gjørtz, Bjarte Aambø.

Ifølgje advokatfirmaet er det saker for privatpersonar knytt til eigedom noko som pregar området her.

– Vi har mange som arbeider med eigedom om det handlar om sal, eigarskifte eller generasjonsskifte. Ørsta er og prega av at her ikkje er ei stor, men mange små bedrifter. Der er vi og inne og hjelper med arbeidsrett, kontraktar og saker som handlar om livet i bedriftene. Vi hjelper bedriftene i det daglege, og dei har og stor glede av å få raskt kontakt med kompetanse som dei elles måtte reise til ein stor by for å få, seier Rekkedal.

– Er det aktuelt å tilsette fleire når de er på plass i nye lokale?

– Det er det signalet vi gir. Vi er ekspansive, og ynskjer å byggje Ørsta-kontoret endå større, seier Aambø.