Grendalaget har sendt brev til fylkeskommunen om saka tidlegare. Fylket svarte då at det er Ørsta kommune som må fronte saka for å få den opp på prioriteringslista til fylkeskommunen.

Gangvegen ligg ikkje inne på investeringslista dei komande åra, og er på 17.-plass på prioriteringslista for gang- og sykkelvegar i Møre og Romsdal.

- Det er eit stort behov for gangveg med stadig aukande folketal og born som veks til. Desse treng ein trygg stad å ferdast både til og frå skule og vener, heiter det i eit brev til Ørsta kommune. Ifølgje grendalaget har trafikken på strekninga auka på grunn av auka tungtransport til og frå dei to grustaka i Bondalen/på Sæbø.

I tillegg fører turisme, pendlarar og trafikk til skisenteret til auka trafikk. Ifølgje grendalaget er det mange som bryt fartsgrensa på den lange rettstrekninga i Bondalen, som har fartsgrense 60 kilometer i timen.

- Dersom kommunen skal lykkast i å halde folkertalet oppe, må tilbodet vere deretter, skriv grendalaget.