Måndag var den nye rektoren på Møre folkehøgskule på plass. Martin Staxrud kjem frå Gateway College, og ser fram til å starte skuleåret.

– Eg ser fram til fyrst å møte alle dei tilsette i arbeidskvardagen, og så ta i mot alle elevane. Laurdag 27. august har vi opning med påfølgjande fjelltur dagen etter, før vi måndag den 29. startar ordinær undervisning, fortel Staxrud.

Han gler seg over den gode søkinga til folkehøgskulen i Ørsta. Møre folkehøgskule har fem liner, Adventura Body & Mind, Adventura Ekstremsport, Adventura Sør-Amerika, Kina – midtens rike og Animasjon Japan. Alle linene medfører mykje reiseaktivitet, både i Noreg og i utlandet.

– Ser vi på folkehøgskulane samla, har det i løpet av dei ti siste åra vore ein auke i søkinga på tjue prosent. Søkinga i år var rekordstor, fortel Staxrud.

Han trur årsaka til auken er generelt god marknadsføring av tilboda.

– Men også det at tidlegare elevar er flinke til å dele sine erfaringar og opplevingar på sosiale medium. Det er no 7.000 elevar fordelt på om lag åtti folkehøgskular i Noreg, fortel Staxrud.

Almenndanning

Sjølv om dette vert det fyrste året hans i folkehøgskulesystemet, har han god kjennskap til ideane bak folkehøgskulane.

– Mange unge vaksne finn det nyttig å ta eit år på folkehøgskule, gjerne etter seks års samahengjande skulegang i ungdomsskule og vidaregåande skule med pensumjag og eksamenspress. På folkehøgskulen vert det tid til samhandling, lære seg sjølv å kjenne, og det å kunne ta i mot folkeopplysning og allmenndanning. For mange vert året på ein folkehøgskule det fyrste året heimanfrå. Ein lærer å verte sjølvstendig, finne nye interesser og ein kan stake ut ein kurs for livet vidare, seier Staxrud.

Ein del av undervisninga på Møre folkehøgskule skjer altså utanlands, men Staxrud poengterer at det i nytte Ørsta og nærområdet er svært viktig.

– Vi har ein skule i flotte omgjevnader. Det er kort veg til toppturane, og det er kort veg til fjorden og kysten, seier han.

Av dei hundre elevane som har fått plass på Møre folkehøgskule er det 59 jenter og 41 gutar. Dei skal få hjelp av i alt sytten tilsette ved folkehøgskulen, i tillegg til fem stipendiat. Sistnemnde er tidlegare elevar ved folkehøgskulen som tek eit år i ei hjelparrolle.

Folkehøgskulane får statsstøtte, men framleis er det slik at det vert kravd skulepengar. Prisen for skuleåret 2016-2017 er om lag 105.000 kroner, og med litt skilnader frå line til line. Dette dekkjer skuleplass, internatutgifter, valfag, turar lokalt, og dessutan studieturen til utlandet. Statens lånekasse gjev elevane lån og stipend tilsvarande ein slik sum, der stipendet utgjer 40 prosent.

Dei fyrste dagane er Staxrud ganske åleine på folkehøgskulen. Han har møtt dei tilsette tidlegare, og fleire er innom av og til.

– Den fyrste store arbeidsøkta startar i veka før mottaket av elevane. Då må det gjerast mykje førearbeid før vi startar sjølve skuleåret, fortel Staxrud.