Hans Andre Sørvik, dagleg leiar ved MC-deler på Vartdal, var førebudd på at offshore-krisa ville påverke salet i 2016. Der tok han feil; tvert i mot har MC-deler hatt ein rekordomsetnad dette halvåret, og salet av mellom anna vasskuter er framleis i vinden.

– Vi er utselde for vasskuterar, og det har vi i praksis vore ei stund. Interessa og etterspurnaden for vasskutar er framleis stor. Med tanke på den usikre tida vi er inne i, er det ofte produkt som dette det knip litt om for folk å kjøpe. I vinter tvilte vi litt på korleis salet ville verte i 2016, og vi var litt avventande på kor mange vasskuterar vi skulle ta inn. Men vi tok heldigvis heilt feil og vi står i ein situasjon der vi gjerne skulle levert meir, men vi får ikkje tak i. Det viser at folk har framtidstru, for det er når den private pengebruken bremsar at det vert ei krise, fortel Sørvik.

Populært med vasskuter

Då reglane for bruk av vasskuter vart endra nokre år tilbake opplevde MC-deler ei stor auke i salet av skuterane. Før kunne ein berre bruke vasskuter på lukka område, medan dei no kan køyrast fritt 400 meter frå land, men med ei maksfart på fem knop fram til dette punktet. Snart vert kanskje reglane endå mjukare, då regjeringa tek sikte på å sende ut høyringsforslag om oppheving av forskrifta for vasskuter, slik dei vert sidestilt med fritidsbåtar, ifølgje NRK.

– Eg er samd i at regler for vasskuter og fritidsbåtar ikkje burde vere forskjellig, så det vert spennande å sjå kva som skjer kring dette. Men fram til det er bestemt må førarane halde seg til det regelverket som er sett, og det har eg inntrykk av at dei fleste gjer. Vi prøver etter beste evne å formidle reglane når vi sel skuterane, opplyser Sørvik.

Omsetnad og omstilling

– Vi har hatt ein kraftig auke i omsetnad første halvår og vi er i fin vekst. Men parallelt med denne veksten har vi hatt ei omstilling på huset som starta hausten 2015, då vi valde å leggje ned importfirmaet Mizzuki Motor. Vi har selt fire agentur, og all innmaten frå firmaet som var av verdi. Det vart eit enkelt strategisk val for oss, då det er vanskeleg å drive to firma på ein gong, og import er vanskeleg når valutakursar har gått til himmels. Det betyr dessverre også at nokre har mista jobben sin, forklarar Hans Andre Sørvik.