– Fylkesmannen meiner at kommunar i Møre og Romsdal har meir å gå på når det gjeld å prioritere jordvern. Dette må til for å nå dei nasjonale målsettingane om mindre tap av dyrka jord, auka matproduksjon og større sjølvforsyningsgrad, skriv landbruksdirektør Frank Madsøy i ein kronikk som står på trykk i Møre-Nytt i dag (sjå s. 24 og 25).

Møre-Nytt sette fokus på jordvern tidlegare i år. Ingen kommunar i Møre og Romsdal bygde ned meir jord enn Ørsta i perioden 2007-2014, og Møre og Romsdal er blant fylka i Noreg som bygger ned mest jord.

460 dekar jordbruksareal vart bygt ned i Ørsta mellom 2007 og 2014. Det svarar til 66 fotballbaner. Også Volda har bygt ned mykje matjord samanlikna med dei andre kommunane i fylket.

I mai vedgjekk ordførar Stein Aam overfor Møre-Nytt at Ørsta har vore for liberale i omdisponeringa av jordbruksareal, og at jordvernet må bli strengare.

Det er nok som musikk i øyra til landbruksdirektøren i Molde. Fylkesmannen meiner nemleg mykje av ansvaret for jordvernspolitikken ligg nettopp hos kommunane. Det er kommunane som forvaltar Jordlova og Plan- og bygningslova. Fylkesmannen skal på sis side vareta dei nasjonale interessene. Jordvern er ei slik nasjonal interesse. Det skjer i dei fleste tilfella utan dramatikk, men frå tid til anna blir det likevel lagt ned motsegn mot kommunale planar.

Stortinget har vedteke at tapet av matjord i Noreg skal reduserast til 4.000 dekar per år innan 2020. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) seier i eit brev til landets kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn at han har tillit til at kommunane og fylkeskommunane følgjer opp målet Stortinget har fastsett.

– Kommunane som planmynde har eit stort ansvar for at vi når målsettinga. Fylkesmannen vil bidra med rettleiing og dialog i dette viktige arbeidet, skriv landbruksdirektør Madsøy i kronikken.

Han meiner jordbruksareala er viktige som grunnlag for ei næring som bidreg til sysselsetting, busetnad, verdiskaping, eit levande kulturlandskap og matberedskap.

– Jordvern er derfor ikkje ei særinteresse, men eit samfunnsansvar, seier landbruksdirektør Frank Madsøy.