Det er det såkalla B10-feltet som no skal byggjast ut. Dette ligg mot søraust (mot Brekke) i Øvre Mo-feltet.

Området er sett av til bustadføremål i kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda. Oppdraget som no vert lyst ut omfattar varsling av planarbeidet og arbeidet fram til ferdig vedteken reguleringsplan.I utlysinga vert det vist til at hovudtyngda for areal med konsentrert utbygging bør vere nær sentrum eller kollektivnett. Difor vert det presisert at det må leggjast opp til at minst femti prosent av bueiningane i det nye utbyggingsområdet bør vere konsentrerte buformer.

Det aktuelle området består i dag i stor grad av kulturlandskap med både fulldyrka mark og beitemark, men også noko areal med myr og skog. Kommunen gjer det klart at det vil krevje store investeringar å byggje ut dette området til bustadføremål. Det skal leggjast til rette for ei utbygging i to til tre byggjesteg.