– Eksisterande trykkrøyr og kraftstasjon skal fjernast og nytt trykkrøyr og ny kraftstasjon skal etablerast på same stad, skriv kraftverkssjef Terje Myklebust i Tussa Energi i konsesjonssøknaden til Noregs vassdrags- og energidirektorat, som vart sendt i juni.

Vartdal kraftverk utnyttar Risaskarfallet frå Litlevatnet mot Søre-Vartdal. Dagens kraftverk på Vartdal er 82 år gammalt og i både driftsmessig og tryggleiksmessig dårleg stand, ifølgje Norconsult, som har utarbeidd konsesjonssøknaden på oppdrag frå Tussa Energi.

– Kraftverket er i dag ein marginal energiprodusent, men er viktig for vassforsyninga lokalt. Kraftverket og magasina blir i dag utelukkande med vassforsyning som føremål, skriv Norconsult.

I tillegg til nye røyr og ny kraftstasjon, vil den gamle inntaksdammen i utløpet av Litlevatnet bli erstatta med ein ny inntaksdam. På Risaskarvatnet blir det bygt ein flaumløpsterskel.

Vatnet frå kraftverket forsyner både bygda på Vartdal og smoltanlegget til Vartdal fiskeoppdrett. Vassuttaket ligg i dag like nedstraums kraftverket. Vatnet til vassforsyninga er utsett for naturlege forureiningskjelder frå elveløpet fordi kraftverket er underdimensjonert for tilsigsmengdene i Risaskarselva. I det nye kraftverket er det planlagt nytt drikkevassuttak i turbinkjellaren.

– Forureiningskjeldene i elveløpet blir slik eliminert og vassverket får betre vasskvalitet, skriv Norconsult.

Vartdal kraftverk vil få ein årsproduksjon på om lag 9 GWh etter oppgraderinga. I dag har Vartdal kraftverk ein normalproduksjon på 3,5 GWh, ifølgje nettstaden til Tussa.

Sjølv om røyrdimensjonen og aggregat blir noko større enn i dag, vil oppgraderinga ifølgje Norconsult ikkje påverke dei inngrepsfrie naturområda rundt kraftverket.

Bioreg AS har føreslått ei minstevassføring i elva på 5 liter per sekund om vinteren og 22 liter per sekund om sommaren. Norconsult meiner dette vil gjere situasjonen vanskeleg for vassverket, særleg i vårknipa. Norconsult foreslår difor ei minstevassføring på 5 l/s heile året. Konsesjonssøknaden ligg no på NVE sitt bord.