Det kan kome i gang ein prosess for å endre grensa mellom Stryn kommune og komande Volda kommune som inkluderer Hornindal.

Torsdag (i går) var det eit folkemøte der dette var tema på Ullsheim.Frå Stryn kommune si side er det ønskjeleg med ei justering som gjer at grensa vert flytta nordover i området ved Kjøs, der E39 kjem inn på rv. 15.Den nye grensa skal eventuelt gå mellom Gulekoppen – Småskora – Øyenibba – Kjøshammaren, og vil medføre at Kjøs, som no høyrer til Hornindal kommune, vert ein del av Stryn kommune, og ikkje den nye Volda kommune.

Fjordingen (krev abonnement) skriv at 60-70 personar møtte fram til folkemøtet, og at folk frå alle delar av Markane var representert. Området som vert kalla Markane ligg i dag både i Stryn og Hornindal kommunar. Fleire var for å flytte grensa, medan andre var motstandarar.

Ordførar Sven Flo i Stryn var til stades på møte. Han var klar på at eit initiativ for å flytte grensa må kome frå bygdefolket sjølve, og at begge kommunane må bli involverte.

Tidlegare i sommar vedtok kommunestyret i Hornindal å slå seg saman med Volda kommune. Valet for kommunestyret stod i mellom å slå seg saman med Stryn eller Volda.