Både i Ørsta og i Volda vart det fleirtal for å seie nei til kommunesamanslåing i folkerøystinga, og kommunestyra følgde opp med å seie nei til å slå saman Ørsta og Volda kommunar.

Før folkerøystinga, sende Volda og Ørsta kommunar ein søknad til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om tilskot til infrastrukturtiltak i samband med kommunereforma.Departementet har merka seg at Ørsta og Volda i etterkant har sagt nei til samanslåing, og avslår naturleg nok søknaden. Departementet seier at dersom kommunar gjer vedtak om samanslåing på eit seinare tidspunkt, vil det vere høve til å søkje om tilskot også i 2017.