Det er radio.no, ein felles nettportal for DAB-satsinga i Noreg, som melder dette.

I 2017 blir det gamle og analoge FM-nettet sløkt. Då er det berre det digitale DAB-nettet som spreier radiosignal i Noreg. Slik blir det også inne i dei mange vegtunnelane i landet.

– Krava om mottak av digitale signaler i tunnalene slår fast at det skal vere DAB i alle vegtunneler som har naudkommunikasjon i dag. I tillegg blir det DAB i alle tunnelar som er over 500 meter og har ein årsdøgnstrafikk på 5000 biler. Det blir også DAB i alle nye tunnelar over 500 meter, heiter det på Radio.no.

Alle dei lengre vegtunnelane i Volda, og den eine Ørsta har, skal få DAB-signal innan sløkkinga av FM-nettet.

Slik er planane for utbygginga:

Fyrdsbergtunnelen (Austefrjoden): DAB-dekning er planlagt levert i desember 2016.

Eidsnakktunnelen (Austefjorden): DAB-dekning er planlagt levert i desember 2016.

Kvivstunnelen: DAB-dekning er planlagt levert i desember 2016.

Leiratunnelen (Bjørke-Leira): Får DAB-dekning før FM-nettet blir sløkt i 2017.

Morkaåstunnelen (Eiksundsambandet): Får DAB-dekning før FM-nettet blir sløkt i 2017.

Helgehorntunnelen (Eiksundsambandet): Får DAB-dekning før FM-nettet blir sløkt i 2017.

Eiksundtunnelen: Får DAB-dekning før FM-nettet blir sløkt i 2017.

Rotsethorntunnelen og Hjartåbergtunnelen har allereie DAB-dekning.

– Godt mottak av radio i tunnelene er bra for lyttarane, men er også et viktig tryggleiksstiltak. Radio syter forvarsling i naudsituasjonar, og er viktig for å ha ein god beredskap. Vegmyndighetene kan gjere eit direkte innsnakk over radio til bilistar som behøver varsling om ein naudsituasjon. Dette kan vere avgjerande i farlege situasjonar der bilistar treng rask varsling.

DAB vil syte for innsnakk via alle radiokanalar – og ikkje berre NRK P1, som er dagens naudkanal på FM-bandet. Med DAB blir det også mogleg å høyre alle radiokanalar i området inne i tunnelen.

Radio syter for varsling i naudsituasjonar, og er viktig for å ha ein god beredskap.