Fylkesmannen i Møre og Romsdal ynskjer å kartleggje kva tilbod kommunane i Møre og Romsdal har om krisesenter. Han viser til at kommunane er pliktige til å ha eit heilskapleg tilbod til kvinner, menn og born som er utsette for vald eller trugsmål om vald i nære relasjonar.

– Ei evaluering av kommunane si oppfølging av krisesenterlova syner at det er utfordringar knytt til tenestetilbodet til valdsutsette med problem innan rus og/eller psykiatri, tilbodet til personar med nedsett funksjonsevne og tilbodet til menn og deira born, heiter det frå fylkesmannen.Mellom anna skal kommunane svare på kva informasjon som vert gjeve om krisesentertilbod og kva instans i kommunen som har ansvaret for å sikre at innbyggjarane har eit tilbod. Frist er 19. august.