Næringsminister Monica Mæland og fiskeriminister Per Sandberg tømmer Nærings- og fiskeridepartementet for byråkratar.

I oktober vert alle tilsette sendt ut i landet på bedriftsbesøk for å få tettare kontakt med næringslivet. No ynskjer departementet invitasjonar.

– Vi ynskjer innspel frå norsk næringsliv. Det er viktig å høyre om utfordringane næringslivet har. Difor bed vi om at verksemder frå heile landet inviterer departementstilsette på besøk, seier næringsminister Mæland (H).

– Norsk sjømat kjem til å verte viktigare enn nokon gong i åra som kjem. Vi håper mange bedrifter nyttar sjansen til å kome med innspel til arbeidet vårt med politikken, seier fiskeriminister Sandberg (Frp).

Fristen for å sende invitasjon er 1. september.