– Det er ein motorsykkelførar og ein bilførar som no vert melde, fortel lensmann Guttorm Hagen.

Natt til fredag fekk politiet melding om ein motorsykkelførar som m.a. køyrde berre på bakhjulet. Politiet fekk tak i føraren, og drog inn førarkortet hans. Den unge mannen er frå Ørsta sentrum.

– Det står att litt etterforsking, men vi ser saka som godt opplyst allereie. Det er mellom anna eit videoopptak av køyringa, fortel Hagen. Natt til laurdag var det politipatruljen sjølve som observerte ein bil med tekniske manglar, som spelte høg musikk, og som dreiv med sladding og burning. Føraren, frå ei av bygdene i Volda, fekk inndrege førarkortet.

Politiet vil framover ha fleire aksjonar i Ørsta sentrum.

– Det er viktig at unge førarar tek seg saman. Vi vil opprette saker mot dei som ikkje held seg til reglane. Det har vorte fleire som bur i sentrum, og også overnattingsstader der folk ynskjer ro, seier lensmannen.

Han opplyser at fleire førarar har fått pålegg om ikkje å spele høg musikk. Viss dei gjer dette meir, vil dei verte melde.