Det konkluderer Bergens Tidende med. Dei har gjennomført ei spørjeundersøking blant Widerøe sine pilotar og andre flyentusiastar for å finne dei vakraste lufthamnene i landet.

Nabolufthamna til Hovden, nemleg Sandane lufthamn, Anda, stikk av med sigeren i kåringa. Deretter følgjer Svolvær, Bodø, Brønnøysund og Ørsta/Volda. På dei siste plassane på heiderslista ligg Stokmarknes, Sandnessjøen, Honningsvåg, Sørkjosen og Røst.

Ørsta/Volda lufthamn er altså ein av berre to lufthamner i Sør-Noreg som har fått plass på lista. Det er innflygingane til lufthamnene som er fokus for kåringa.

- Pilotane våre har verdas vakraste kontorutsikt kvar dag - dei er nokre heldiggrisar. Det er fantastiske stader som er komne med på lista, og ikkje minst som tronar øvst, seeir informasjonssjef Catharina Solli i Widerøe til Bergens Tidenede.