Dei eksisterande leidningane må skiftast på grunn av dårleg teknisk stand og ei ny kraftleidning vil legge til rette for auka produksjon i Tussa kraftverk og tilknyting av ny produksjon i området. Det er Mørenett som har søkt om konsesjon til kraftleidninga.

– Dette er ei framtidsretta nettløysing, skriv NVE i bakgrunnen for vedtaket.

Ørsta kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal kom alle med motsegner mot delar av planane. Ørsta kommune protesterte mot luftleidning mellom Videtjørn og Ørsta.

NVE har teke omsyn til motsegnene i handsaminga av saka ved å legge leidninga i jordkabel på desse strekningane, og ber difor om at motsegnene blir trekte.

Den nye leidninga erstattar to 66 kV-leidningar i området. Leidninga blir 19,8 kilometer lang. Ho skal gå i jordkabel på to strekningar: Frå øvre delar av Bakkedalen og over i Rognestøylsdalen (på grunn av skredfare), og om lag 2 km frå Videtjørn og fram til Ørsta (Hovdenakk) transformatorstasjon (på grunn av det visuelle inntrykket).

I høyringa kom det også forslag om å legge leidninga som kabel over Storfjorden. Ein uttale meinte attpåtil at leidninga burde gå i sjøkabel heilt frå Bjørke til Sæbø. NVE gav ikkje desse uttalane medhald, og meiner den nye leidningar vil føre til ei positiv endring for nærmiljøet.

– Det bandlagde arealet blir mindre og det blir færre mastefeste. Sjølv om kvar enkelt mast blir større, blir det visuelle inntrykket meir ryddig.

Éin fritidsbustad langs traseen får leidninga nærare enn i dag, opplyser NVE.

Mørenett anslår investeringskostnaden til å ligge rundt 113 millionar kroner. NVE meiner dette er eit fornuftig anslag, basert på erfaringar frå tidlegare prosjekt.

NVE gir også Mørenett løyve til å oppgradere Tussa transformatorstasjon. Dette vil medføre ei utviding av bygningen på Bjørke mot nord/vest. Dagens lagerbygg nord for stasjonen vil bli rive. Det totale terrenginngrepet vil difor bli om lag som i dag.

<strong>Utviding:</strong> Tussa transformatorstasjon på Bjørke blir utvida som følgje av oppgraderinga av nettet. Til venstre i bildet ser vi ein illustrasjon av det nye bygget. illustrasjon: Mørenett