Det seier leiar i reiselivslaget, Siri Dahl.

– Du treng verkeleg ikkje kjede deg i vekene framover. At det er dødt i Ørsta om sommaren viser naturfestivalen at ikkje er tilfelle, legg ho til.

Program i to veker

Naturfestivalen går av stabelen laurdag med offisiell opning i Vikegata.

– Under opningsdagen vil vi by på brennsnut av geitekjøt, samt kaffi og vaflar. I tillegg er vi så heldig å ha det europeiske matmarknaden i gågata saman med oss denne dagen. Eg håper mange tek turen til gågata, seier Siri Dahl.

Festivalen vil vare i 15 dagar i år, og mykje aktivitet er venta desse dagane.

– Det er vanskeleg å snakke om festivalen under eitt, for det er så mange element og typar arrangement. Men det er heile poenget med festivalen. Vi samarbeider med både Aasen-tunet, Bakketunet og musikkfestivalen Sommarljom, som saman skaper stor variasjon i programmet. Det er ein vinn-vinn situasjon for alle. Så har vi sjølvsagt heldt på kjernen i festivalen, som er aktivitetar i naturen. Festivalen startar med gratis camp for born og vaksne i Romedalen fredag til søndag. Her er det berre for folk å kome på dagsturar og delta på enkelte arrangement, eller ta med telt og overnatte og bli med på alt. Gjennom vekene skjer det mykje variert. Festivalen vert som alltid enda med det mest profilerte arrangementet, Saudehornet rett opp. I år er motbakkeløpet ein del av Noregscupen. Det vert spennande å sjå korleis dette påverkar deltakinga i konkurranseklassa. Den store deltakinga i mosjonsklassa og barneløpet er likevel det vi er mest stolte av, fortel Siri Dahl.

– Så vil eg opplyse om at vi treng fleire frivillige i Ørsta sentrum dei tre laurdagane framover. Det er snakk om enkle oppgåver. Vi sett stor pris på alle som vil hjelpe til.

<strong>Samarbeid:</strong> Naturfestivalen samarbeider med mellom anna musikkfestivalen Sommarljom, som vil vare i fire dagar. Her frå konsert med The Jist i Vikegata i fjor.