Det seier kjentmann Ronny Norangshol. Han stiller seg undrande til at leiar i Sunnmøre alpine redningsgruppe, Jan-Gunnar Hole, har gått ut og åtvara mot at Slogen er risikofylt, og at folk ikkje bør ha med seg born på den kjende fjelltoppen.

Overfor NRK Møre og Romsdal kritiserer Hole at Ålesund og Sunnmøre turistforeining reklamerer med Slogen som ei krevjande rute, og at det går han å ha med born dit. Hole meiner ruta burde ha vore kategorisert som risikofylt, og at ein ikkje bør ta med seg born.

– Medan eg stod på toppen av Slogen såg eg to personar som heldt på å ramle ned. Det var på nippet før det gjekk gale. Mange var nervøse, og nokre skalv i redsel då dei var på veg ned frå toppen, seier Hole til NRK Møre og Romsdal.

Norangshol, som tidlegare har vore fjellførar, og som framleis er ein svært aktiv fjellmann, kjenner seg ikkje att i skildringane til Hole.

– Eg hadde med meg sonen Emil då han var fire år til Slogen. Den andre sonen Markus var fem år, medan dottera Mare vel var seks-sju år. Det gjekk veldig fint. Det var ingen problem. Born er faktisk flinkare til å nytte heile kroppen enn vi vaksne. Dei brukar både armar og bein, medan vi vaksne skal insistere på at vi skal stå på beina uansett, seier Norangshol.

Han underslår ikkje at Slogen for mange kan vere trugande.

– Eg har møtt fleire som har valt å late vere å gå heilt på toppen, då dei synest den siste biten kan verke vel skummel. Det synest eg er heilt greitt, for det må vere opp til kvar einskild si vurderingsevne å avgjere om ein skal heilt opp eller ikkje. Dessutan er det fleire vegval opp til toppen, og nokre ruter er tryggare enn andre, og der ein kan ha eit godt tak i fjellet, seier Norangshol.

Han kjenner ikkje til at det har vore ulykker oppe på sjølve toppen dei siste åra.

– Det siste uhellet eg kjenner til skjedde nede på tusen meter, mot Patchellhytta, og der det er ganske flatt, seier Norangshol.

Slogen er eit av dei mest populære turmåla i Sunnmørsalpane, der over to tusen når toppen årleg.

– Det er lenger nede uhella skjer. På dei stadene folk ikkje er like varsame.

<strong>Kjentmann:</strong> Ronny Norangshol er kjent på Slogen, og meiner toppen høver også for born.$RETURN$$RETURN$