Det sa varaordførar i Ørsta, Karen Høydal (AP), under markeringa av 5-årsdagen for 22. juli-terroren.

Fredag vart dagen markert med blomenedlegging ved minnesmerket i Laguneparken i Ørsta. Karen Høydal (AP) heldt tale.

– I dag er det fem år sidan bombeeksplosjonen i Oslo og skytedramaet på Utøya. Mange kjenner seg veldig tunge i kroppen, og tenker på timane og dei dagane då dette skjedde med angst, smerte, frykt og sorg. Men eg ser også fleire som meistrar å leve med det og som engasjerer seg for å motverke ekstreme krefter, og dei haldningar som høyrer til, for å unngå at slik terror skjer igjen, opna Karen Høydal.

Heidra og reflekterte

Guro Vartdal Håvoll var ei av dei som vart drepen i terroraksjonen. Hennar namn står på minnesmerket i Laguneparken. Guro vart heidra under markeringa.

– Ho var ein engasjert 17-åring som ville vere med å forme samfunnet ved å arbeide politisk og engasjere seg på fleire felt. Ho stod også på kommunelista til Arbeidarpartiet for valet i 2011 då dette skjedde. Så unødvendig var det at ho måtte avslutte livet sitt så fort, sa Høydal, og fortsette:

– Korleis kan vi førebyggje slike ting frå å skje ein gong til? Det starta med kvar enkelt av oss, og det starta med dei systema og dei rutinane som vi som samfunn formar. Og vi må kvar dag arbeide for likeverd, likestilling, mot diskriminering, og for å behalde demokratiet vårt. Me må ikkje ta det for gitt og me må engasjere oss.

Bukett frå Ørsta kommune vart plassert i statuen, og blomekrans frå støttegruppa i Møre og Romsdal vart lagt på.

– Takk for alle som kom i dag. Takk for alle som viser si haldning mot terror, avslutta Karen Høydal.

<strong>Heidra:</strong> Mange møtte opp til markeringa av 22. juli-terroren ved minnesmerket i Laguneparken i Ørsta. Varaordførar Karen Høydal (AP) heldt tale.