– Det var spesielt å få sjå Zaina for fyrste gong, seier Mahmoud Dasho med eit stort smil.

Rune Sæbønes

rune@morenytt.no

Det var ein stor dag for han og familien tysdag førre veke. Då vart Mahmoud gjenforeint med kona Samar og borna Sami (6), Fatima (4) og Zaina (1) på Gardermoen, og han kunne ta familien heim til Vartdal.

Det mest spesielle var at Mahmoud fekk sjå Zaina for fyrste gong, for då Mahmoud flykta frå Syria for snart to år sidan, var Samar gravid. Men situasjonen var så trugande at Mahmoud berre måtte kome seg ut av landet. For snart eitt år sidan kom han til Noreg etter å ha flykta gjennom Europa, og han vart busett på Vartdal.

– Eg har hatt eit håp om og ei tru på at vi skulle sjå kvarandre igjen.

To år med venting

Det har teke to år, og eg var innstilt på at det kunne ta så lang tid, seier Mahmoud.

Han har hatt kontakt med familien gjennom Skype, men fordi internettsambandet er svært ustabilt i Syria, har det vore vanskeleg med jamn kontakt.

– Infrastrukturen er mykje øydelagt i Syria, og difor kunne det gå dagar utan kontakt i det heile, fortel Mahmoud.

Straks Mahmoud kom til Noreg, starta arbeidet med å få familien til Noreg. Det har vore ein omstendeleg prosess.

– Det måtte takast DNA-prøver som måtte analyserast og stadfeste at dette handla om familien min.

Kjende pappa igjen

Straks DNA-prøvene var godkjende, kunne arbeidet med å få Samad og borna til Noreg, og førre veke skjedde det altså. Samad og borna kom seg til Libanon, og frå Beirut var det fly via Istanbul og til Noreg. På Gardermoen venta Mahmoud, og gjensynsgleda var svært stor.

– Dei to eldste borna kjende meg straks igjen. Det var ein flott augneblink, fortel Mahmoud.

På Vartdal bur familien i flyktningleilegheitene nær Roth Daglegvare.

Dei har ingen planar om å forlate bygda med det fyrste.

– Nei, då eg fyrst kom til Noreg tenkte eg at eg ville bu i ein større by, men etter at eg kom til Vartdal, har eg funne ut at det er her eg trivst.

Skule og barnehage

Til hausten skal Sami byrje på skule på Vartdal, og dei to yngste skal byrje i Vartdal barnehage. Sjølv skal Mahmoud og Samad ha norskopplæring på Ørsta opplæringssenter.

Samad er sjølvsagt svært glad for å vere saman med Mahmoud igjen.

Det har vore ei lang ventetid, og at det er ein kjølig sommar i Noreg gjer ingenting.

– Nei, eg kom frå 37 grader i Syria til tolv her. Det er heilt greitt.

Det kan verte for varmt også, seier Samad. Familien kjem frå byen Menbish i Nord-Syria.

Leiker

Familien er svært takksame for all hjelp dei har fått. Då familien vart gjenforeint og kom til Vartdal, kom folk på besøk med gåver. Borna fekk leiker, til stor glede for alle.

Då Møre-Nytt var på vitjing hos familien, var det tydeleg at leikene var populære. Det vart bygt hus med legoklossar, og leikebilane kom i stor fart over golvet.

– Vi er takksame

– Vartdal-folket er utruleg snille, og vi er takksame for hjelpa. Vi er også takksame overfor flyktningkontoret med i Ørsta med Bård i spissen som har hjelpt til med gjenforeininga, og til dei andre frå Syria her på Vartdal som har hjelpt til med tolketeneste, seier Mahmoud.

Han og familien ser fram til ein meir «normal» kvardag med skulegang og språkopplæring.