Det vedgår mellom anna rådmennene Rune Sjurgard i Volda og Wenche Solheim i Ørsta.

I eit internt notat utarbeidd av rådmannen i Volda går det fram at Volda kommune har nådd smertegrensa i å følgje med på den digitale utviklinga.

– Trass i dei gode haldningane og den store innsatsen som kommunen sine IKT-medarbeidarar står for, har vi nådd ei smertegrense der vi må gjere noko for å sikre ei framtidig digitalisert utvikling.

Brukarnamn og passord

Rådmannen nemner mellom anna ei utvikling der kvar kommunetilsett no har eige brukarnamn og passord, og at den digitale utviklinga gjer at mest kvar einskild medarbeidar i organisasjonen må forhalde seg til ei datamaskin. Då vert det uråd for kvar einskild kommune å ha den naudsynte kompetansen og kapasiteten.

– Det er ein intensjon at IKT-medarbeidarane i kommunane på Søre Sunnmøre går inn i samla driftsmiljø i eit interkommunalt selskapet. Drifta vert fordelt på kommunane etter forhandla fram fordelingsnøkkel. Etter ferien vil strategigruppa for SSIKT greie ut kostnadene med drifta og fordelinga på den enkelte kommune, seier Sjurgard i notatet.

Han peikar på at IKT er ein innsatsfaktor for å kunne ta ut gevinst i form av effektivisering og betre tenester både i administrasjon og tenesteyting. Volda kommune må rekne med å bruke meir ressursar på denne innsatsfaktoren, mellom anna til ei stilling dedikert til strategisk arbeid. Denne funksjonen er sentral for å initiere og identifisere løysingar, koordinere prosessar der ein involverer sektorane i å planleggje, gjennomføre og ta ut effekt av tiltaka. Funksjonen er sentral i det strategiske arbeidet mellom kommunane og som bestillar inn til driftssenteret.

– Det er ikkje teke stilling til om Volda kommune har denne strategiske kompetansen i dag eller om ein må rekruttere denne eksternt, presiserer rådmannen.

Rådmannen har drøfta forslaget til ny organisering med dei to fast tilsette IKT-konsulentane saman med Ørsta kommune og representant for SSIKT (IKT-samarbeidet på Søre Sunnmøre).