Medan nedgangen i oljenæringa også får konsekvensar for omsetjing av eigedomar i ytre strok, eit område som i fleire vår har hatt sterk vekst, så er området Ørsta/Volda i stor grad skåna for nedgangen.

– Høgskulen og sjukehuset i Volda er stabiliserande faktorar. Spesielt for sjukehuset er det dels mange som skiftar jobb og såleis også byter bustad. I tillegg har Ørsta/Volda nokre store og solide bedrifter som held folk i arbeid. Ei rekordlåg rente er også viktig for at folk skaffar seg husvære, seier dagleg leiar Johnny Kragset i Kragset Eigedomsmekling i Volda.

Mønster

Medan den tidlegare generasjonen gjerne bygde hus og hadde det ofte heile livet, er mønsteret annleis i dag.

– Folk kjøper bustad tilpassa livssituasjonen, og ofte startar det med ei leilegheit. Deretter kjøper mange seg inn i tomannsbustad eller rekkjehus før dei byggjer einebustad, for så å gå tilbake til leilegheit.

Prisar

Når det gjeld bustadprisar er den gjennomsnittlege kvadratmeterprisen for ein einebustad i Ørsta no 19.123 kroner, noko Kragset karakteriserer som bra. Leilegheiter og fleirmannsbustader har noko høgare kvadratmeterpris, og siste tida har den lege på rundt 24.000 kroner.

Gjennomsnittleg omsetjingstid for einebustader hjå Kragset Eigedomsmekling er 23 dagar. For andre husvære tek det i gjennomsnitt 39 dagar å få unna ein handel. Dette er lågt samanlikna med både fylkes- og landsgjennomsnittet. Den gjennomsnittlege omsetjingstida for ein bustad i Noreg er på over femti dagar.

– Vi har selt hundre eigedomar siste halvår. Oppunder 90 prosent av sala er i Ørsta og Volda, fortel Kragset.

I gjennomsnitt vart kvar eigedom seld for 2,610.000 kroner. Totalt utgjer dette ein samla formidlingssum på kring 260 millionar kroner for eigedomsmeklaren som er den største aktøren innan lokalt eigedomssal. Av alle eigedomane som vart selde i Ørsta og Volda i fjor stod Kragset for 70 prosent av dette.

Trivsel

– Nøkkelen for å lykkast er å trivast med jobben der ein alltid må vere fleksibel og tilpasse seg etterspurnaden etter tenestene. Ein må alltid strekkje seg så langt som råd overfor kundane. Kunnskap om den lokale marknaden er avgjerande. Og så er det slik at eit kvart salsobjekt krev sin eigen strategi. Ein må difor aldri gå på autopilot i denne bransjen, seier Johnny Kragset.

Han starta meklarselskapet midt i finanskrisa hausten 2008. Nokre hadde ikkje tru på denne etableringa, men Kragset har motbevist dette. Selskapet har snart omsett tusen eigedomar sidan oppstarten. Dette er resultat av målretta arbeid, der lang røynsle og høg kompetanse har vore avgjerande for å lykkast. Meklarfirmaet sin sjølvstende som eit frittståande og kjedeuavhengig selskap har vore og er ein klar styrke for å kunne tilpasse seg best mogleg dei lokale forholda.

– Korleis vurderer du eigedomsmarknaden framover?

– Eg trur marknaden held seg oppe. Når arbeidsmarknaden går bra, går det også gjerne bra for eigedomsomsetjinga. Og det gjer det no. Ørsta og Volda har vorte eit sentrum i storregionen Nordfjord og Søre Sunnmøre. Og etter at Kvivsvegen kom merkar vi større interesse frå områda Nordfjord og Stranda. Moglegheitene har også vorte heilt annleis etter at Eiksundsambandet kom då arbeids- og bustadmarknaden har vorte utvida.

Johnny Kragset meiner det er viktig for at folk skal slå seg ned i vårt områdde at det vert satsa både på infrastruktur og idrettsfasilitetar.

– På den måten kjem etableringslysta. Unge vil alltid sjå kva tilbod ungane deira kan få i ein kommune. Då må Ørsta og Volda ivre etter å vere attraktive, slik at folk ikkje vel andre plassar å slå seg ned. Det er svært gledeleg at både Ørsta og Volda kommunar ser verdien av å satse på dei unge, og på bygging av idrettshallar. Dette vil styrkje mogelegheitene for auka busetjing og utvikling, reflekterer Johnny Kragset