Island sine prestasjonar i europameisterskapet i fotball, då spesielt sjokksigeren mot England på måndag, har imponert ei heil verd. At ein nasjon på 323.000 innbyggjarar har eit så sterkt landslag fascinerer mange.

Jens Ingvarsson og Gudmundur Hannesson frå Island, begge busett i Ørsta, er stolte over landet sitt fotballag og er oppglødd over all støtta dei får av nordmenn. Søndag vert ein stor dag for mange når Island skal spele kvartfinale mot vertsnasjon Frankrike.

Historisk dag

Under 8-delsfinala mot England sat familien til Jens samla i stova. Landslagsskjorta var på og fingrane var kryssa.

– Eg kan ikkje hugse kva eg gjorde siste minutta av kampen. Det var berre heilt fantastisk, seier Jens.

– Du stod klint inntil TV-en og hoppa opp og ned, melder kona, Ingeborg Tusvik Nupen.

Tidlegare i meisterskapet fekk Jens og broren Oliver vitne to sterke kampar i gruppespelet live frå stadion i Frankrike. Island spelte 1–1 både mot Portugal og mot Ungarn.

– Der var ei stemning det er umogleg å forklare. Det vart mykje feiring, seier den islandske fotballfanen.

Gudmundur såg kampen på ein 180 tommar TV-skjerm saman med ein gjeng frå jobben.

– Eg var skeptisk til siger, og då England skåra var eg bekymra. Men då Island skåra sitt første mål tenkte eg at alt er mogleg. Eg var så stressa siste minutta før kampslutt, men for ei stemning det vart når det enda med siger. Det vart ein svært god dag, fortel Gudmundur.

– Det er så kjekt å sjå at Island går fullhjarta inn i kampane. Der er inga stjerne som skil seg ut på laget, men dei står saman om å kjempe, seier dei samde.

– Eg tårer ikkje spå kva eg kjem til å gjere om dei vinn kampen mot Frankrike.

– Då må vi nok vurdere å reise for å sjå semifinalen, kommenterer Gudmundur.

– Har de trua på EM-gull?

– Det er ei moglegheit for alt når vi såg kva laget klarte under kampen mot England. Men så lenge laget gjer sitt beste er vi nøgde. Ingen hadde forventa at dei skulle kome så langt i meisterskapet.

– Eg vil takke det norske folk for all støtte dei gir Island. Det er så kjekt at vi står saman om å heie laget fram, meiner Ingvar Kristjansson.