Produksjon

– Vi understrekar at løyvet gjeld uttak av grunnvatn til produksjon av setjefisk og betydninga dette har for dei allmenne interessene i vassdraget. Løyvet gir ikkje rett til oreigning. Tiltakshavar har sjølv ansvar for å avklare dei privatrettslege forholda til eventuelt andre som har rettar i området, seier seksjonssjef Gry Berg i NVE.

Bakgrunnen for søknaden er at Vartdal Fiskeoppdrett ønskjer å tilpasse seg dagens behov, og ønskjer å kunne produsere større og meir robust setjefisk som skal setjast ut i sjøen. Auka storleik gir større behov for vatn, og det auka behovet vert dekt gjennom uttak av grunnvatn.Bedrifta ønskjer ikkje saltvatn eller overflate/elvevatn i brønnane grunna m.a. fiskehelsa. Det vart i 2013 gjennomført prøveboring i det aktuelle området utan at det vart funne betydeleg samanheng mellom grunnvatn og elvevatn i området.

– Ved stort uttak av vatn kan det derimot verte noko innsig av salt grunnvatn i brønnane. Uttaksmengda av grunnvatn vil difor vere styrt av innstrøyming av saltvatn. For å unngå saltvatn i brønnen er det planlagt å utarbeide eit overvakingsprogram, seier Gry Berg.

NVE har teke imot høyringsuttalar frå Ørsta kommune, Fylkesmannen, NGU og Statens vegvesen. Ingen av dei er negative til tiltaket. Ørsta kommune har vist til at brønnane er plassert innanfor eit LNF-område, og at det difor må søkjast dispensasjon frå kommuneplanen dersom dei vert til hinder for tradisjonell jordbruksdrift.

– Vidare er det kjent at det er tidvis knapt med vatn i kommunen, og at det såleis er positivt at uttaket kan avlaste kommunane sitt eksisterande vassverk, seier seksjonssjef Gry Berg i NVE.