Etter at det tysdag vart klart at Volda kommune seier ja til samanslåing med Hornindal kommune, har engasjementet rundt folkerøysting vakna til live i Hornindal gjennom sosiale medium og ei underskriftskampanje. Målet med kampanjen er å få kommunestyret i Hornindal til å vudere folkerøysting om kommunesamanslåing på nytt. Dersom minst to prosent av innbyggjarane i kommunen stiller seg bak eit forslag pliktar kommunestyret å ta stilling til forslaget. Etter det avisa Fjordingen kjenner til skal ta på underskrifter har overgått dei naudsynte prosentane.

Tidlegare har det vore fleiretal mot folkerøysting to gonger i kommunestyret. Ordførar Stig Olav Lødemel meiner at engasjementet frå innbyggjarane kjem seint.

- Eg applauderar engasjementet i denne saka, men eg reagerar på tidspunktet dette gjerast på. Å kome med dette no vil eg seie er loveleg seint. Det burde ikkje vere noko overrasking for bygdefolket at kommunestyret har stemt nei for folkerøysting. Desse røystene burde ha vore på bana lenge før, sa Lødemel til Fjordingen onsdag kveld.

I formannskapet i Hornindal onsdag var det fleirtal for samanslåing med Volda, 3 mot to stemmer. Rådmannen i kommunen har tilrådd at Hornindal slår seg saman med Stryn kommune.

Før kommunestyremøtet torsdag ettermiddag vart det levert 266 underskrifter som krevde folkerøysting om kommunesamanslåing. Ifølgje Fjordingen gjekk Senterpartiet sine representantar inn for ei folkerøysting, men fleiretalet i kommunestyret avviste kravet.

Etter ein lengre debatt gjekk kommunestyre i Hornindal kommune inn for samanslåing med Volda. Dermed vert det ei ny kommune på Søre Sunnmøre, og Sogn og Fjordane vert ei kommune fattigare. I den vidare prosessen vil Fylkesmannen kalle inn til felles kommunestyremøte for dei to kommane. I det møtet vil det bli oppretta ei fellesnemnd med representantar frå begge sider, og denne fellesnemnda skal jobbe fram grunnlaget for nye kommunen til eit nytt kommunestyre er valt.