Mannen vart tiltalt for ikkje å føre rekneskap i enkeltpersonføretaket sitt. I retten forklarte mannen at han ikkje førte rekneskap frå 1. september 2013 fram til og med 30. juni 2015. Han starta føretaket i 2013, men vart sjuk. Den sikta trudde at han skulle få orden å rekneskapsføringa, og ordne opp, men dette skjedde ikkje.

Føretaket til mannen vart ikkje registrert Merverdiavgiftsregisteret, og han sende ikkje inn omsetningsoppgåver. I retten forklarte mannen at han hadde ei brutto omsetning på 1.127.180 kroner, og fakturerte med utgåande meirverdiavgift. Den utgåande avgifta som vart fakturert enda på 225.436 kroner, og desse pengane beheldt mannen sjølv. Mannen erkjente seg skyldig etter siktinga, og samtykka at dommen vart avgjort ved ein tilståingsdom.

I skjerpande retning i straffeutmålinga la retten vekt på sterke allmennpreventive omsyn gjer seg gjeldande både når det gjeld brot av bokføringssloven og merverdiavgiftsloven.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømt til fengsel i nitti dagar. Den domfelte erklærte at han vedtok dommen.