- Attgroing av kulturlandskap og vegkantar er ei aukande utfordring mange stader i Norge. Drift og skjøtsel er ein føresetnad for å ta vare på dei positive miljøverdiane som er skapte gjennom jordbruksdrift i kombinasjon med naturgitte forhold over lang tid. Attgroing kan også svekke grunnlaget for blant anna reiselivet, som er ei næring i vekst. Dersom kontrastane og variasjonen i landskapet blir borte, i lag med spor etter folk og busetnad, blir også store deler av det turistane ser som det særeigne med det norske kulturlandskapet borte, og med det ein stor del av opplevinga heiter det i ei pressemelding frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Landbruks- og matdepartementet har fastsett forskrift om tilskot til utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap. I jordbruksoppgjeret 2015 vart avtalepartane samde om å etablere ei ordning for rydding av kulturlandskap, veikantar og utsiktspunkt av særleg verdifull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side. For 2016 er det sett av 20 millionar kroner til ordninga, som gjeld utsiktsrydding i dei tre fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Det er Fylkesmannen som administrerer ordninga med utsiktsrydding.

- Områda som skal ryddast, må vere verdifulle sett frå både landbruket og frå reiselivsnæringa si side. Fylkesmannen vil såleis samarbeide med reiselivsnæringa når vi skal prioritere strekningar som skal ryddast. Likeeins vil vi samarbeide med Statens Vegvesen for å få til mest mogeleg smidige løysingar og best mogeleg effekt av tiltaka.

Fylkesmannen håpar at mange, både grunneigarar og andre, vil ta i bruk ordninga

- I fellesskap kan få opna opp landskapet i dette flotte fylket vårt.