Ordførar Stein Aam gler seg over det samrøystes vedtaket i samfunnsutvalet som opnar for dispensasjon frå reguleringsplanen sine føresetnader om mellom anna høgde og utnytting av tomt, slik at tilbygg til legesenteret og parkeringsanlegg kan verte bygd.

Samfunnsutvalet gjorde vedtaket i møte 21. juni.

I vedtaket står det også:– Samfunnsutvalet legg vekt på at tiltaket gir betre rammer for eldreomsorga og at ulempene som tiltaket påfører omgjevnadane ikkje er større enn det som må påreknast i eit slikt område.

Nytt legesenter skal verte ført opp aust for dagens legenseter og i tre etasjar og underetasje. Der det i dag er parkering for Bakk-Ola-marka skal arealet verte utvida ved at det vert lagt plate over delar av dagens parkeringsplassar, og lagt til rette for parkering på platedekket. Leilegheitene i dei to øverste etasjane skal nyttast som omsorgsbustader knytt til eldreomsorga.

– Eg meiner det er leitt at bygget vert så høgt, kommenterte Wictor Kolås (H).

– Dette er innanfor det som er å vente i tillatt regulering, og i tettbygde strok. Det er ikkje kjekt for dei naboane som opplever å misse utsyn og lys, men med tanke på kvar tiltaket ligg, er det ikkje på nokon måte noko som gjer at det er urimeleg eller i strid med reguleringa, svarte Eldar Øye frå administrasjonen.

Frida Gillberg (MDG) støttar dette.

– Vi må erkjenne at fortetting i sentrum er noko vi vil ha, og dermed byggjer vi i høgda. Då sparer vi også matjord, sa ho.

Roger Vartdal (KrF) er ikkje heilt nøgd.

– Eg meiner det er heilt feil plassering av legesenteret, men erkjenner at den tida er forbi, så eg går for dette, sa han.

Merknader

Det har kome inn to merknader på planane om nytt legesenter. Det gjeld ein bustadeigedom som ligg nordaust for det planlagde bygget, og eit bustadsameige som ligg nord for tilbygget.

– Etter rådmannen sitt syn er det dei samfunnsmessige omsyna knytt til legesenter og kommunen sine helse- og omsorgstenester som står opp mot naboar og gjenbuarar sine behov for utsikt og solinnfall på sine eigedomar, står det i sakspapira.