Noregs Kommunikasjonsforening står bak Høstseminaret, og i år er det lagt til Ålesund. Kommunikasjonsforeininga sitt lokallag står som vertskap, og temaet for konferansen er «Grensesprengande kommunikasjon».

– Konferansen vil handle om korleis arbeidsliv og samfunnet vert påverka av store endringar som arbeidsløyse, folkevandringar, økonomisk krise og dei konsekvensar dette har for Noreg som nasjon, for kommunane, og oppblomstringa av nye næringar og ny teknologi, fortel lokallagsleiar Olav Sindre Kriken.

Høgskulen i Volda er med som arrangør av konferansen, og i førre veke vart det offentleggjort at Thorbjørn Jagland, generalsekretær i Europarådet, er ein av foredragshaldarane, og vil opne konferansen. I tillegg kjem m.a. Siv Meisingseth (kommunikasjonssjef i Plan Norge), Ingeborg Grimsmo (kommunikasjonsdirektør i UDI) og Jørgen Randers (professor og tidlegare rektor ved Handelshøgskolen BI).

Høstseminaret er eit viktig ledd i arbeidet lokallaget gjer for å løfte kommunikasjonsfaget i Møre og Romsdal.

– Vi samarbeider mellom anna med fagmiljøet ved Høgskulen i Volda, og dette vert viktig både for å auke attraktiviteten til kommunikasjonsutdanninga i fylke, samt auke kompetansen og forståinga av kommunikasjon for tilsette i regionen. Dette vil i sin tur styrke næringa i den utfordrande tida vi er inni, og gjere oss betre rusta for framtida.

Saman med fleire frivillige eldsjeler har Kriken arbeidd på spreng dei siste månadane for planlegge eit godt fagleg arrangement.