Samfunnsutvalet har gjort vedtak om å gi dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel og gir Børge og Eva Bornstein løyve til bygging av hytte/sel på Barstadfjellet. Området ligg i eit LNF-område (landbruk, natur og friluft).

Utvalet meiner tiltaket vil ha stor nytte for drifta av garden og beitedrifta på Barstadfjellet, og at plasseringa av hytta/selet ikkje vil gje vesentlege ulemper for friluftsliv eller andre ålmente interesser, står det i vedtaket.Leiar i utvalet, Inge Kolås (Frp) meinte at det ikkje var naudsynt å gi dispensasjon, all den tid det er snakk om eit sel knytt til gardsdrift, og ikkje ei hytte, men at Bornstein kunne sende ein formell byggesøknad for selet. Dette åtvara administrasjonen sterkt mot.

– Denne saka har ei historie, og ho har kosta kommunen pengar før. Dispensasjonar må festast på konkret grunn. Hytte i LNF-område er ikkje eit naudsynt tiltak. Der er lova heilt klar. Bruker de dette legg de opp til å tape ei klagesak. Sist vi hadde denne saka på bordet kosta ho kommunen 12.000 kroner i sakskostnader, sa Eldar Øye frå administrasjonen.

Saka har pågått over fleire år, og fylkesmannen har tidlegare oppheva Ørsta kommune sitt vedtak om tidlegare dispensasjon i området, og meinte at tiltaket var å forstå som ein fritidsbustad/hytte.

Gunnar Wangen frå planavdelinga var like klar: – Eg vil på det sterkaste frårå å gå den vegen leiaren foreslår. Ved å forsøke å tolke dette til eit LNF-tiltak, skaper det store problem i framtida for komande saker, og det vil vere eit frykteleg vanskeleg materiale å handtere om ei hytte skal vere å forstå som eit tiltak i LNF. Ønskjer de å gi løyve meiner eg de må gi dispensasjon frå LNF-området og gi ein god grunn til det. Her er reglane klare. Skal det vere eit tiltak innanfor LNF skal det ikkje berre vere næring, men det skal vere naudsynt. At turisme og kanskje hytteutleige er eit fint supplement til landbruk er heilt klart, men i følgje lovverket er det ikkje naudsynt eller innanfor denne kategorien, åtvara han.

– Då kan de tenke dykk kva saker vi kan få etterpå som vil påberope seg naudsyntheit.

I sakspapira har rådmannen også åtvara mot at ein dispensasjon kan skape presedens for området, og at det beste ville vere om alle med interesser for hyttebygging i området kan melde si interesse for dette under rullering av kommunedelplanen som snart skal opp.

Karl Asgeir Sæbønes (Sp): – Eg forstår ikkje at ikkje gardsturisme skal vere ein del av LNF. Sagt rett ut. Men eg må be om at vi her legg til grunn ei lovforståing som står seg. Skal vi gi dispensasjon til dette må vi grunngi det skikkeleg og vere tydelege på at det er vesentleg for drifta og at ulempene vil vere små, sa han.

Etter eit gruppemøte vedtok eit samrøystes samfunnsutval å gi Bornstein dispensasjon til oppføring av hytte/sel på Barstadfjellet.