Hendinga som kvinna var sikta for skjedde i januar i år. I retten forklarte kvinna at ho hadde sagt opp jobben grunna mistrivsel, og at ho hadde drukke alkohol tidlegare på dagen. Kvinna var usikker på kor mykje alkohol ho hadde drukke, og ho forklarte at ho og hadde teke smertestillande tablettar. Kvinna skulle køyra barna på trening same dag, og ho takka ja då ei venninne sende ei tekstmelding om hennar barn kunne sitte på. Kvinna forklarte i retten at ho følte seg i fin form. Kvinna meiner at analyseresultatet på ein alkoholkonsentrasjon på 1,15 milligram pr. liter luft høyrdest mykje ut, men erklærte seg skyldig etter siktinga.

Kvinna samtykka til at saka vart avgjort ved tilståingsdom, og at ho vil gjennomføre program mot rusa køyring.I Søre Sunnmøre tingrett vart kvinna dømt til fengsel i 45 dagar på vilkår. Fullbyrdinga av straffa vert utsett med ei prøvetid på to år mot at kvinna vil gjennomføre program mot rusa køyring. Kvinna vart dømt til å betale ei bot på 25.000 kroner, og mista førarretten i to år.