Statens vegvesen skal frå hausten 2016 til våren 2019 heve sikkerheita i sju tunnelar på Sunnmøre.

- Bakgrunnen er at alle riksvegtunnelar over 500m må utbetrast for å oppfylle Tunnelsikkerhetsforskrifta. Tiltaka som skal gjennomførast skal redusere trafikkulykkene og heve brannsikkerheita. Kva som skal gjerast i dei forskjellige tunnelane og når varierer, men det som er felles er at det vil bli ulemper for trafikantane, heiter det frå Statens Vegvesen.

Tunnelane som skal utbetrast er:

  • E39 Blindheimstunnelen og Moatunnelen: planlagt utbetra frå hausten 2016 til hausten 2017.

  • E136 Hatlaåstunnelen: planlagt utbetra i skuleferien, med heilt stengt tunnel i 10-12 veker frå juni 2017- august 2017.

  • Rv. 658 Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen: planlagt utbetra frå hausten 2017 til hausten 2018.

  • Fv. 658 Godøytunnelen: planlagt utbetra frå hausten 2017 til våren 2019.

  • E39 Rotsethorntunnelen: planlagt utbetra frå våren 2017 til våren 2018.

  • I tillegg skal Gyltunnelen på rv.70 i Tingvoll kommune utbetrast i 2017, og Innfjordtunnelen og Måndalstunnelen på europaveg 136 frå august 2016 til mai 2018.

Trafikkavviklinga for dei sju tunnelane på Sunnmøre er ikkje avklart enno.