Vik Ørsta og Hallingplast har inngått distribusjonsavtale for Star MC-rekkverk. Rekkverket skal beskytte motorsyklistar frå å skli ut av vegbana eller treffe «farlege» rekkverksstolpar.

Star MC-rekkverk består av ei underskinne som vert montert under stålskinnerekkverket. Om ein motorsyklist er i ei ulykke vil rekkverket gi etter og trygt fange opp MC-føraren slik at han ikkje sklir ut av vegbana eller treff rekkverksstolpane. Dette rekkverket har Hallingsplast, Vik Ørsta si avdeling i Vik, Vegdirektoratet og Norsk Motorcykkel Union (NMCU) utvikla dei siste femten åra, og har hatt som mål å få internasjonal godkjenning.

For å få godkjenning måtte rekkverket gjennom testar, både åleine og saman med eit komplett vegrekkverk. Dette for å vise korleis underskinna fungerer både for bilar og motorsyklar. I samarbeid med Vik Ørsta vart det i 2013 og 2014 utført ei rekkje testar der underskinnerekkverket vart montert på stålskinnerekkverket. Det har blitt gitt europeisk godkjenning på denne løysinga, og det har ført til at Hallingplast og Vik Ørsta no nyleg har inngått ein verdsomspennande distribusjonsavtale. Avtalen medfører at Vik Ørsta tek over arbeidet med å marknadsføre og selje Star MC-rekkverk. Det var Våre Vegar som først skreiv om avtalen mellom bedriftene.

– Interessa for systemet verkar å vere stor. Vi fekk god respons under ei messe i Polen førre veke. I Noreg har systemet blitt testa ut i fleire fylke. Vi forventar at interessa vil auke, og vi er i byrjinga av marknadsføringa, seier salssjef Lars Michal Holstad i Vik til Møre-Nytt.

Frå Vik Ørsta vert det poengtert at det er ulike behov i Europa og Noreg, men at systemet skal fungere like godt i varmt og kaldt klima.

– I andre europeiske land har det blitt utvikla stålløysingar for demping av slag når motorsyklistar er i ei ulykke. I Noreg har vi utfordringar om vinteren med m.a. snøbrøyting. Plastmaterialet meiner vi er godt eigna, og vi har eit system som kan stå i mange år utan vedlikehald. I tillegg oppfyller systemet den europeiske godkjenninga og standarden og det toler mekanisk belastning.

Standarden som rekkverkssytemet no oppfyller kom i 2012.

– Det vart montert opp prøvestrekningar i 2007 og 2008 der m.a. haldbarheita vart testa. Vi har stor tru at plastmaterialet i Star MC-rekkverk er rett materialval, og saman med vårt eige stålskinnerekkverk har systemet optimal utforming.

<strong>Trafikktryggingsdag:</strong> Vik Ørsta har vist fram det nye systemet både i Noreg og utlandet. Her frå trafikktryggingsdagen for MC ved Lånkebanen i Tjørdal. F.v. Petter Sandnes, Tor Ose og Lars Michal Holstad i Vik Ørsta. Foto: Privat