– Det var veldig nyttig å lære om branntryggleik, og det er veldig bra vi får teste det ut i praksis, seier Asia Yassin (33).

Asia kjem frå Sudan og har vore i Ørsta sidan desember 2015 og har dermed gått eit halvt år på introduksjonsprogrammet. Allereie er norskkunnskapen komen langt. Ho fortel om si oppleving så langt:

– Eg har lært veldig mykje sidan eg byrja på introduksjonsprogrammet, både språket og om det norske samfunnet. Eg likar Ørsta veldig godt, spesielt vêret! I Bardufoss, der eg var på flyktningmottak i 11 månader, var det veldig kaldt. I Ørsta har eg det mykje betre.

Til hausten skal Asia studere administrasjon ved Høgskulen i Volda.

Denne veka har Ørsta opplæringssenter hatt «bustadveka» på senteret, som er ein del av introduksjonsprogrammet. Dette programmet tek sikte på å gje grunnleggjande opplæring i norsk og samfunnskunnskap, og har som formål å styrke nykomne innvandrar si moglegheit til å delta i yrkes- og samfunnslivet, i tillegg til å bli økonomisk sjølvstendige. Programmet varer i to år.

Fokus på bustad

Under bustadveka har opplæringssenteret fokus på heimen, der målet er å gje kunnskap om korleis skaffe seg bustad – og å ta hand om den. Når veka er omme har opplæringssenteret hatt besøk frå mellom anna Skatteetaten, VØR, Sparebanken, reinhaldsbransjen og helsesøster.

Tysdag var det fokus på branntryggleik i bustadar, der brannvernet i Ørsta stilte opp og gav teoretisk og praktisk opplæring i korleis dei skal gå fram om det brenn.

Teklom Gebrengus (29) frå Eritrea set også pris på å lære om å ta hand om heimen. Han er straks ferdig med introduksjonsprogrammet på senteret, og skal byrje å studere byggfag på Ørsta vgs. til hausten.

– Eg har seks års erfaring i byggjebransjen i Eritrea, men der har eg arbeidd med stein og sement, medan i det i Noreg blir jobba mest med treverk. Eg ser fram til å lære om dette, fortel Gebrengus.